Gloppen kommune

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane

http://www.gloppen.kommune.no

postmottak@gloppen.kommune.no

Kontakt

578 83 800

Om oss

2011 Kåra til Norges beste kulturkommune.

2015 3. plass i UEFA kåring for arbeidet med breiddeidrett.

2015 Kåra til norges nest beste kommune å bu i.

2017 Kåra til Norges beste kjøkken.

2017 Kåra til årets musikkommune i Norge

Gloppen kommune kan vise til ei imponerande «premiesamling» i ei kommune der det bur om lag 5800 innbyggarar. Vel 2500 av desse har busett seg ved kommunesenteret Sandane som går i retning av ein urban fjordlandsby.

Kommunen er kjend for lakselevar, stisykling, lokalmat og hurtigåande passasjerbåtar med teknologi i verdstoppen.

Gloppen er unik på idrett og kultur, og har mellom anna Trivselshagen med turnhall, symjehall, klatrevegg på 15 meter, 4 handballbaner, volleyballbaner, kultursal, kinosal, dansesalar og mykje meir. Rundt om i kommunen er det flotte annlegg, eit flust med fotballbaner, tennisbaner og klatreparkar. I kommunen er det også kulturskule, 9 festivalar for dei kulturinteresserte. Det er ikkje utan grunn at vi vart årets kulturkommune i 2011

Gloppen har eit spennande og variert næringsliv som er leiande i verda på det dei jobbar med. Posisjonen som Norges kompositthovudstad er brukt om kommunen. I tillegg er Gloppen den største landbrukskommunen i Sogn og Fjordane. Her finn du alt frå nisjebutikkar på gateplan, flotte kafear og viktige møteplassar, til utdanningsinstutisjonar som Firda Vidaregåande og Nordfjord Folkehøgskule. Her er også store selskap. Gloppen er også ei markant kraftkommune og har hovudkontor for Sogn og Fjordane Energi AS.

Kommunen kan by på eit mangfaldig friluftsliv med alt frå toppturar i bratte fjell, padling i vakre fjordar, og mange tilrettelagde turløyper for alle aldrar og nivå. Her finn du og Trivselsskogen som er nasjonalt pilotprosjekt for DNT si nærturområdesatsing. Det blir gjort mykje for at Gloppen skal vere ein fin plass å bu og vekse opp i.

Gloppen kommune er ein del av merkevara Nordfjord - Alt i ein fjord. Følg lenka for å sjå meir om aktivitetar, naturen og attraksjonane i vakre Nordfjord.

Velkommen til Gloppen!

Ledige stillingar

Type Stilling Stad Tilsettingsform Publiseringsdato
Undervisningsstillingar i grunnskulane Fulltid 03-05-2024
Barnevernsleiar Fulltid 30-04-2024
Tilkallingsvikar - Miljøarbeidartenesta Deltid 24-04-2024
Sjukepleiar/helsefagarbeidar, fast stilling Fulltid 24-04-2024
Miljøterapeut - 60% fast stilling Deltid 23-04-2024
Helsefagarbeidar i Heimetenesta, fast stilling Deltid 23-04-2024
Assistent/miljøarbeidar i skular og kommunale barnehagar Deltid 23-04-2024